Evaluering av NAV prosjektet ”Nye vegar” i Høyanger
In: HSF-rapport; 3/2013;; (2012)
Online
report
Zugriff:
Sogndal, 15. mai 2012 ; Denne rapporten er ei etterevaluering av prosjektet Nye Vegar i Høyanger kommune. Prosjektet vart sett i gong i april 2010. Bakgrunnen var at industribedrifta Fundo, som hadde over 300 tilsette, gjekk konkurs i februar 2009. Eit år etter denne konkursen var det framleis over 100 arbeidsledige i Høyanger kommune. For å kunne hjelpe denne relativt store gruppa tilbake til arbeid og aktivitet, innsåg NAV Sogn og Fjordane og Høyanger kommune at det måtte setjast inn ekstraordinære ressursar, og takast i bruk utradisjonelle arbeidsmetodar. Dei valde då å skilje dette arbeidet ut frå det ordinære NAV-kontoret og etablere eit eige prosjekt i eigne lokale i Høyanger sentrum. Prosjektet har hatt 5,9 stillingar og vore sett saman av personar med ulik, variert og utfyllande kompetanse. Målet for prosjektet var å få minst 50 av dei arbeidsledige i arbeid eller kvalifisering i løpet av prosjektperioden, som i utgangspunktet var 2 år. I desember 2011 vart prosjektet avslutta. Ved prosjektslutt var 69 av dei 86 deltakarane det finst opplysningar om i arbeid. Dette utgjorde i overkant av 80 prosent av målgruppa. 59 av prosjektdeltakarane hadde på same tidspunkt løn frå arbeid som hovudinntektskjelde. Dette utgjorde i overkant av 68 prosent av målgruppa. Ut frå begge desse kriteria har prosjektet levert eit resultat som er langt over måltala. Prosjektet vart avslutta tre månadar tidlegare enn planlagt, noko som også er ein indikasjon på at prosjektet har hatt ei god måloppnåing. Evalueringa viser at dei gode resultata kan forklarast ut frå fleire forhold. Det har vore av stor betyding for måloppnåinga at prosjektet har vore skild ut frå det ordinære NAV- kontoret i eit eige lokale (Huset i Elvegata). Huset har fungert svært godt som ein sosial møteplass og lågterskeltilbod, samstundes som huset si fysiske utforming har gjort det mulig å drive både med gruppeoppfølging, individuell oppfølging og jobbsøking i eit eige datarom. Prosjektet har hatt eit tydeleg mål og tilstrekkeleg med resursar til å kunne nå ...
Titel: |
Evaluering av NAV prosjektet ”Nye vegar” i Høyanger
|
---|---|
Autor/in / Beteiligte Person: | Eikås, Magne ; Gudmundsdottir, Svanhildur ; Kollbotn, Olina ; Melhus, Alf Tor ; Årethun, Torbjørn |
Link: | |
Quelle: | HSF-rapport; 3/2013;; (2012) |
Veröffentlichung: | 2012 |
Medientyp: | report |
Sonstiges: |
|